mandag 6. desember 2010

Om bloggpostar

Bloggpostar som ikkje handlar om det bloggen skal brukast til vert teke utskrift av og brukt til dokumentasjon i samband med karakteroppgjer i adferd.
Me skal lære høvisk framferd og digital danning i og med dette prosjektet

BLOGG, BOK OG BIBLIOTEK

Arbeid:
· Alle elevane skal lese ei bok som er skrive på nynorsk: biblioteket har funne fram mange gode bøker. Dei fleste er bøker som har kome ut dei siste åra. Det er mest romanar å velje i, men også nokre novellesamlingar, reiseskildringar, essay og andre meir sakprega sjangrar
· Alle elevane skal skrive ein kommentar til boka dei har lese på klassebloggen: http://kulturzone2a.blogspot.com/
· Kommentaren kan vere ei bokmelding eller liknande
· Den skal vere 250 ord eller meir og skal skrivast på nynorsk
· Det bør vere bilete og andre element i bloggposten som gjer den til ein god samansett tekst
· Det bør vere linkar til andre media der boka eller forfattaren er omtala

   Fristar:
· For å lese ferdig boka: 4.januar
· For å legge ut bloggpost: 19. januar


 





Seinare vil vi skrive meir på bloggen. Då skriv vi kanskje om gode filmar, kanskje om tidsskrift eller kanskje om teikneseriar som ein kan låne på biblioteket...
Me vil gjerne ha kommentarar på bloggpostane