fredag 25. mars 2011

I Brønnøysund har vi....

I Brønnøysund har vi mange stygge bygningar. Kiwi-bygget, Thon-hotell i sentrum og det nye Havnesenteret for å nemne nokon. Thon-hotell og det nye Havnesenteret blir som to enorme kolossar som dekkjer for alt av utsikt og står der som landemerke for Brønnøysund. Grunnen til at det blir slik, er at kaksane får styre. Med kaksane meiner eg dei rike folka som pressar politikarane til å gjera som dei vil. Heldigvis bor eg ikkje i Brønnøysund, i alle fall ikkje heile tida. Eg bor i Velfjord, og helt subjektivt meiner eg at Velfjord er ein mykje finare og betre plass einn Brønnøysund. No tek eg Helg!

I Brønnøysund har vi det heilt sjukt. Meir sjukt enn eit sjukt barn som er veldig sjukt. Vi har dessverre ingen vaksine mot denne form for sjukheit, og vi blir bare nøydt til å leva med det. Neida, eg bare tullar med dykk. I Brønnøysund har vi det kjempe bra. Bortsett frå at det ikkje er så mye å gjere, ikkje så mange som bor her, dårlige butikkar, dårlige vegar, kjedeleig uteliv, lite med organiserte tilbod, og stort sett lite og dårlig med alt, men ellers er det bra. Brønnøysund er ein kjempe plass! Bortsett i frå på vinteren når det bare er slafs og trasig.