mandag 31. januar 2011


Eg har lest boka ”kunsten å være Neger” av Are Kalvø. Are Kalvø er ein kjent forfattar og programleiar i NRK-Radio.

Boka handlar, ok hvordan det er å væra fremmedkulturell i Noreg og hvordan man bør leva for å bli akseptert av nordmenn.

Hovud temaet i boka er fremmedfrykt og korleis vi blir påverka til å danne oss fordomar og korleis våre ilusjonar gjerne brester når vi kommer i kontakt med fremma kulturar, for eksempel: den ilusjonen om at mørkhuda personer er musikalske og muntre, og når denne ilusjonen brester og vi forstår at dei ikkje er slik vi forventar at dei skal væra oppstår fremmedfrykt og dette resulterer vanlegvis i at vi ber dei om å integrere seg sjølv i det Norske samfunnet og at de må leve på vår måte

Han bruker virkemidla som overdriving veldig hyppig for at vi verkelig skar forstå kva som er meningen med teksten. Min konklusjon er at Are Kalvø prøver å få oss til å innsjå kor fordomsfulle og fulle av fremmedfrykt vi er og at han trur at med å opne auga våre kanskje vi kan forandra oss til det betre.

Edvard Røde

mandag 24. januar 2011


Eg har lese boka ”Men fjernkontrollen min får du aldri” av forfattaren Are Kalvø. Det er ei satirisk bok om korleis media påverka samfunnet i 2000, det året boka var gitt ut. Kalvø er kjent for å skrive artige bøker, og detter har han gjort nokk ein gang, ”men fjernkontrollen min får du aldri” fikk meg til å bryte ut i latter fleire gangar per kapittel.

Då eg satt på toget frå Larvik til Gardemoen, fant eg ut at eg skulle lese boka vi hadde fått i lekse å lese i ferien. Eg forberedte meg på fleire timar med kjedeleg nynorsk. Eg fikk et sjokk! Boka var overraskande nokk veldig morosam. Så eg brukte heile togturen på å forstyrre alle dei andre passasjerane på toget ved å bryte ut i latter.

Boka er delt opp i 3 hovudkapitlar: Nyheiar, Det forbrukarvennlige kapitlet, og Underladning. Det er også nokre mindre kapitlar på bare eit bar siar.

I kapitlet om nyheitar har Kalvø kom fram til nokre konklusjonar, for eksempel at nyheitsjournalistar ser pjuskete ut i motvind, at nyheitsjournalistar tenner på nakenbileder av rikmannshytter, dei likar å skremme folk, dei snakkar rart, og dei er dei viktigaste i heile verda.

Det forbrukarvennlige kapitlet handlar om i kor stor grad forbrukarjournalistikken har nytteverdi for folk som ikkje veit koles ein soler seg, ikkje veit korleis ein levar, Ikkje veit tør kjøpe pornobladar, treng eit heilt grunnleggande innføring i korleis systemet med pengar som byttemiddel virkar. Are Kalvø kaller gjerne disse personene barn. Med andre ord: Forbrukarjournalistikken har størst nytteverdi for barn som ikkje tør å kjøpe pornoblad.

I kapitlet om underhaldning tar Kalvø for seg forskjellane mellom ein såpeopera og situasjonskomedien.

Boken er krydra med diverse teikningar, illustreringar, grafar, og (falske) Sider frå Vg, og manus til mulige show. Alt dette til saman gir ein veldig artig bok, som eg rådar alle til å lese.

Rett Vest


Rett vest

  • Morten A. Strøksnes


Kva boka handlar om:

Boka handlar om Morten Strøknes sin ferd i gjennom USA. Han skriver ikkje bare om det man ser på tv, om all stasen og det som er så bra og får folk til å le. Han skriv om det USA verkeleg handlar om. Han skriver om det han opplever, om tilfeldige ting og personar han møter på. Det gjer lesaren eit verkeleg og realistisk bilde av landet, der man får sjå alle sidene og frå fleire perspektiv.


Tittelen:

Tittelen passer og veldig bra. «Rett vest» Han startar jo ferda si i aust, og ferdas vestover. I tillegg opplever han både gode og vonde ting, da kanskje mest vonde ting.



Personleg meining:

Eg syntes ikkje boka var spesielt spennande. Det trudde eg ikkje den skulle vere heller. Den var derimot informerande og interessant. Da eg har vert i landet og erfart ulike ting sjølv, kan eg lettare forstå kva han meiner. Eg syntes han forklarar og forteljar det han ser og erfarer veldig godt, og han gjør det enkelt for lesaren å forstå. Den gjer verkeleg eit innblikk i kva USA verkelig er.


Don Patrick Jakobsen.

Knutar av Gunnhild Øyehaug


Knutar



Boken ”Knutar” er ei novellesamling skriven av Gunnhild Øyehaug. Den har ei samling av korte noveller som fortel om seksuelle, familiære band, om kjærleik og om forknytte og ikkje så fullt forknytte menneske. Boken kommer med psykologiske innsikter og komiske punkter frå det daglige liv, noko som gjer den spennande å lese.

Novella ”Lette, lande” som er ein av di novella som er skreve i "Knutar", handlar om ein heilt vanleg mann som sitt i sin bil kor han seljer potet og gulrot. Dagane går som vanleg, lite liv og de sama kundane heile tida. Før ein dag noko svært så uvanleg skjer. Ein av seljarens faste kunde kommer på torget, men i staden for og kjøpe potet kjem han med ein stor stein bærande. Han går forbi alle boda og rett ned til kaia. Han tar sats, og hoppar.

Novella som er skreve er korte og presise, noko som gjer dei enkle å lese og at man får med sei alle punktane i teksten. Men dei er også nokså dryg, som novella ”Lette, lande”. Ei av dei andre novella som er skreve handlar om ulike sexpartnarar og korleis deira sexliv og sexpartnar forandrar seg. Sjølv om dei er dryge, klarar man ikkje å unngå å få eit glis om munnen når man leser denne novellesamlinga. Ikkje så rart at Gunnhild Øyehaug blei nominert til Brageprisen, og vann Bergensprisen i 2004.

Gunnhild Øyehaug er ei norsk forfattarinne som debuterte med diktsamlinga ”Slaven av blåbæret” i 1994. Øyehaug er også universitetslektor i litteraturskap og lærer ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

torsdag 20. januar 2011

Alle Mine Kjære

Novella handlar om ei fjorten år gammal jente ved namn Susie Salmon som blir valdteken og drepen på vegen heim frå skulen. Oppe frå himmelen sin ser ho ned på heimen og familien mens dei prøver å leve med tapet av ho, og samtidig får vi innsyn i korleis mordaren hennar, ein stille mann i nabolaget, lever vidare utan dårlig samvit.




Inspirasjonen Sebold hadde til å skrive novella var frå då ho i ein alder av atten år sjølv blei valdteken på veg heim frå skulen. Ho rapporterte det til politiet og fann ut at ho hadde vore heldig – noko som er tittelen på ei anna bok ho har gitt ut – for bare nokre dagar tidligare var ei jente funne valdteken og partert like i nærleiken.


Sebold prøvde gjentatte gangar å skildre si historie gjennom skriftlege verk, før ho endeleg fekk det til 15 år seinare med Alle Mine Kjære. Den originale tittelen er The Lovely Bones, og boka er ein bestseljar som blei filmatisert i 2009 av Peter Jackson.


TRAILER





Sebold held seg ikkje tidfesta i boka. I den eine augneblinken ser Susie på familien sin mens dei sørgar, og i det neste er ho med mordaren anten før eller etter at han har drepe ho. Andre ting ho hoppar fram og tilbake mellom er forskjellige minner ho har om anten vener eller familien. Vi får vite ting om mora og faren som kanskje ikkje bryr oss når det kjem til saka, men det hjelper oss å skape ein heilskap i det, og sjå ting endå klarare frå augo hennar.


Eg syns boka, samt filmen, var svært rørande, og dei som har mista nokon dei er glad i kan lett identifisere seg med historia. Grunnen til at Sebold hadde problem med å skrive var at ho ville røre ved andre sine hjarte og kva dei måtte føle om valdtekt, men og skrive på ein personleg måte. Eg syns ho fekk til begge delar, og med ei bestseljande bok som Alle Mine Kjære er eg sikker på at ho kan føle ho har spreidd bodskapen sin.

onsdag 19. januar 2011

Englejakt

Ingelin Røssland: ”Englejakt” (Norhaven A/S, Viborg, 166 sider)

Englejakt blei gitt ut i 2009, og er skrive av den norske forfattaren og journalisten Ingelin Røssland. Englejakt er den tredje boka i ein serie med tre bøker om Engel Winge. Fyrste boka heiter Englefjes, og blei gitt ut i 2008. Siste boka heiter Engleslakt, og blei gitt ut i 2010.

Englejakt handlar om ei ung jente på 17 år, som heiter Engel Winge. Ho bur saman med mormora si. Mora hennar er død, og faren hennar jobbar i utlandet. Faren snakkar med henne gjennom netverket nokre få gonger, men det er lite kontakt mellom dei. Engel er journalist og jobbar som sommarvikar for lokalavisa, Tylnes. Ho er ei jente som er tøff i kjeften og er ikkje redd for å seie kva ho meiner. Ho har får i oppdrag om å ta med seg ei dame, som påstår ho er synsk, tel Marøya. Der det går rykta om at det spøkjer. Med tida når ho kjem djupare ned i saka, finn ho fort ut at det ligg meir bak enn berre rykta på Marøya…

Eg meiner Englejakt var ein spennande bok å lese. Det var ein spenningskurv med fleira toppar. Samtidig følte eg at ein rota seg bort. Det blei for mykje å tek tak i rett og slett. Eg datt litt ut av sjølve hovudhandlinga. Språket i boka er svært ungdommeleg og ganske så grov. Forfattaren skildrar Engel som ei modig jenta, som kan gi faen. Språket hennar fortel oss mykje om korleis type ho er. Ho er frekk i kjeften og brukar ein del stygge ord. Likar du bøker med røff språk og mykje spenning, vil eg råde deg å lesa denne boka!



Skammarens dotter

Forfattar: Lene Kaaberbøl
Forlag: Samlaget
Utgivningsår: 2000 (til norsk; 2003)

Skammarens dotter er den første av dei fire bøkene i skammarserien. Skammarserien består av:
Skammarens dotter (nr. 1)
Skammarteiknet (nr. 2)
Slangens gåve (nr. 3)
Skammarkrigen (nr. 4)

Skammarens dotter er ei meget spennande bok som handlar om ei lita jente med namn Dina. Ho er dotter av Skammaren. Skammaren, mor til Dina, er ei dame som kan sjå kva folk har gjort for noko gale ved å sjå dei inn i auga. Denne gåva har Dina arva frå mor si. I byrjinga lika ho ikkje denne gåva, fordi det førte til at ingen ville sjå ho i augene, ikkje venane hennar eingong, noko som gjorde ho einsam. Det er ikkje berre auga som setter skrekk i folk, men gåva Dina fekk frå mor si innebar også at ho har ei røyst som får dei fleste til å seie sanninga. Dei einaste som kunne sjå ho i auga var bror hennar, Davin, og veslesøstera, Melli.

I den første boka møter Dina, som sjølv ikkje er van med å bruke skammarauga og skammerstemma, mange utfordringar som gjer ho glad for at ho har arva denne gåva likevel. Skammaren, mor til Dina, blei innkalla til den vonde fyrsten av Dunark, han heiter Drakan. Mor til Dina hadde lova at ho ikkje skulle bli for lenge borte og at ho snart ville kome heim at, men slik blei det ikkje.

Skammarens dotter er ei fantastisk god bok som eg rådar deg på det sterkaste å lese. Eg likar ikkje særleg godt å lese bøker sjølv, men denne boka greidde eg ikkje å legge vekk da eg først hadde sat meg ned for å lese. Eg gleder meg berre til eg blir ferdig med den neste boka, Skammarteiknet.

«Den eneste bog der er lige god som Harry Potter og Ringenes Herre», skriv ein dansk lesar i BogGuide om serien, sjølv om eg synast han tar litt hardt i.

Ei fabelaktig bok, rett og slett! Må berre lesast!

Nød av Are Kalvø


Nød


«Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia». Slik byrjar boka Nød, boka er ein underhaldande roman, med ulike poeng i seg. Boka omhandlar ein person som, saman med sin beste venn, blei inspirert av den store støttekonserten Live Aid i 1985. Me følgjer denne hovudpersonen etter at han er blitt vaksen. Han tenkjer tilbake på konserten som dei arrangerte på folkets hus heime i barndomsbygda, og korleis dei brukte pengane på seg sjølve i staden for å sende dei til ein organisasjon eller liknande. Seinare i livet vinner hovudpersonen i lotto, han blir millionær. Då bestemmer han seg for å betale tilbake det han har regna seg fram til at han skuldar, pluss litt ekstra. Han startar organisasjonen «millionærar for afrika» og tar med seg nokon millionærar på oppdagingsferd til Etiopia.


Boka har faktisk fått laga ei eiga nettside, http://www.lottomillionaerarforafrika.no/lotto/ som er for menneskjer som har vunne mykje pengar og vil gje noko av det til veldedige formål. Meir info om det finn du om du følgjer lenka.


Boka «Nød» er skriven av Are Kalvø. Kalvø er forfattar og humorist. Han har sjøl skreve ei kort oppsummering av boka. http://www.arekalvo.no/indeks.asp?id=420

Englefjes av Ingelin Røssland


Engel Winge har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes. Ho har eit særskild talent for å rota i andre sine sakar, som førar henne i livsfare. Ein del sakar som ho ikkje skulle funne ut dukkar opp. Ho har veldig lyst til å skrive om disse i avisa, men møter kraftige protester frå sjefen. Den rikaste mannen i bygda, Tomtegorgen, har mystisk nok eit godt grep over redaktøren. Men Engel gir seg ikkje, sjølv om ho får sparken, fortsettar ho likevell å forska på disse sleipe folka. Ho blir utsett for både mordforsøk og voldtektsforsøk i denne boka som er første bok i serien.


Eg syns personleg at boka var veldig spennande. Litt vell mykje som skjer av og til, noe som gjør at det blir litt vanskeleg å følga med heile tia. Ho brukar veldig mykje bannskap i språket, derfor trur eg boka er best egna til ungdommar.


Eg fant denne omtala om Ingelin Røssland: http://www.txt.no/index.php?option=com_content&view=article&id=690&Itemid=537 . I følge ungdommar forstår ho seg på korleis ungdommar tenkar, snakkar og oppførar seg. Eg kan godt sei meg enig i det, for ho skriv på ein måte som gjør at eg vil lesa fleir bøker av ho.

Den store dagen

Novella «Den store dagen» er frå novellesamlinga «Ein stad å møtast» skriven av Reidun Elise Foldøy.

Eg leste fleire noveller frå novellesamlinga, og tykte mange av dei var vanskeleg å forstå. Ei novelle eg tykte var grei å forstå var «Den Store Dagen».

Her har eg gjenfortalt kort med mine eigne ord.

Eva ser seg i
spegelen. No er ho endeleg ferdig, etter å ha brukt fleire timar på å gjere seg klar. Frisørdama har fiksa håret perfekt. Etter å ha spara lengda på håret i over eit år, vart det eit bra resultat då ho fekk klyppa det i passande lengde etter at håret var farga og rullane teke ut.
Ho fiksar på kjolen. Det stikk og klør. Undertøyet ho har under kjolen er så stramt at ho såvidt får til å puste ordentlig. Men kva gjer ein ikkje for sin kommande ektemann, tenkjer ho. Ho gler seg til å sjå utykkje til Jostein når ho kjem opp mot alteret. Han skal verkeleg få seg ei overrasking ikveld. Ho smilar ved tanken.

Ho og venninna Beate har
sete på salongen lenge no. Dei har vorte fiksa og pynta på, og snakka om kor mykje dei kommer til å sakne kvarandre når Eva skal flytte, ho og Jostein, no når dei snart er gift. No står dei bere å ventar på Volvoen som skal bringa dei til kyrkja.

Inndalsvikkyrkja er full av spente familiemedlemmar og vennar. Alle snur seg og retter blikket mot døra i det organisten startar å spele Bruremarsjen. Eva ser opp mot kjærasten, mens ho held hardt i faren for å ikkje snubla i kjolen. Mange tankar går rundt i hovudet hennar no. Ho tenkjer på at ho skal danse på Scandic etterpå, danse som ho aldri før har dansa. Og under middagen skal ho halde ein tale om kvifor ho vil dele heile livet sitt med Jostein.

Presten har sagt sitt og dei har
kome til delen kor dei skal svare at dei vil vere saman «til døden skil dei ad». Jostein svarar ikkje. Eva blir uroleg og ser opp på han og prøver å få kontakt. Etter ei stund seier han «til døden skil oss – det er lenge.. Det er faktisk alt eg har» Så byrjar han ramsa opp mykje han må få fortsette å gjere sjøl om dei nå skal gifta seg. « Du må ikkje kasta t-skjortene mine dersom du meiner dei er utslitne». Etterpå seier Eva «eg går ikkje med på det, Eg går ikkje med på det.»




Hær er ei link til forlaget kor boka er utgitt.
http://www.aschehoug.no/litteratur/romanernoveller/katalog?productId=3712407

Kino


Kino

Ei bok av Marit Kaldhol. Boka begynner med ei jente med namne Rita på 13 år som klipper av det lange håret til far hennar mens han ligg og søv på sofaen. Etter dette skriver hun ein lapp der det står «Overnatter hos Vidar R». Men det hun verkeleg gjer er å springa til kinosalen. Siste film hadde nettopp blitt vist, og mens alle folka var på tur ut, gjekk ho inn i den store mengda med folk. Ein vakt stoppa ho, men ho spurte snilt om ho kunne få hente hanskane sine som hun påsto ho hadde gløymt. Ho hadde ikkje det, hun hadde ikkje ein gang sett filmen. Vaktaren smilte bare og sa det var greit. Når alle dei andre menneskjene hadde komme seg ut, fekk ho nokk tid til å gjømme seg før vakta kom tilbake. Ho låg bak eit forheng lenge. Sat der og venta til alt ble heilt stille. Då lista ho seg fram og la seg for å sove i kinosalen.

Akkurat før ho sovna begynte ho å høyre lydar. Det begynte ein film! Filmen viste far hennar som sto heilt aleine på ei kai og ropa etter Rita. Ho viste ikkje kva ho skul tro, var ho i ein film? Kva var det eigentleg som skjedde nå? Etter ei stund kom Vidar R opp på lerretet. Rita var nå tett inntil han og kunne ta og føle på verkelegheita. Var ho i ein film?

«Kino» er ei bok som gjorde at eg var nøtt til å tenkje mens eg las. Den tar for seg korleis det er å vere i trassalderen og korleis situasjonar taklast. Etter allereie første side var eg bare nøtt til å lese meir.

Kvifor sa vi ingenting?

Skrevet av Jan de Zanger

I jula leste eg boka som heiter «Kvifor sa vi ingenting», den er skreve av Jan de Zanger. Boka handlar om ein mann som heitar Pieter Vink, han var 42 år, lykkelig gift og jobba som advokat.

Det boka handlar om er at Pieter møtte opp på skole gjenforeining etter 25 år. Det han hadde gløymt frå skoletida var Sietse Boonstra. Han var den i klassen som ingen snakket med men mobba. Han tok sjølmord, og dette følte Pieter seg skyldig i, han følte nå i det voksane livet sitt at han og klassekameratane kunne gjort noko for å gjere det lettare for Sietse.

Eg syntes boka var bra, og visar det som har og er i dag enda eit problem i blant annan skolen, altså mobbing. Det er mykje vi kan gjere allereie på skolen, for å forhindre slike tilfelle som i denne historia, med at det gikk så langt at ein person tok livet sitt. Boka passar godt for ungdommar, det er noko som får oss til å tenke over korleis vi har det i vårt skolemiljø, og korleis det kan vere andre steder.

Johan


Boka heiter Johan og den er skrive av Gaute M. Sortland. Dette er debutromanen hans. Den handlar om ein gut som heiter Johan. Han har mista veslesystera si i ein drukningsulykke like før sommaren. Så når han da kviknar opp og det er sommarferie, har han ei anna kjensle i kroppen enn den han brukar å ha når det er sommarferie. Samtidig som han sørgjer over veslesyster si, møter han kjærleiken for første gong.

Det er ei bok med parallellhistorier. Den eine historia handlar om det som var før ulykka. I den historia var det mye glede og alle var glade. I den andre historia handlar det om det som skjedde etter ulykka. Da var alle i sorg og det blei ei dyster stemning.

Eg synest det var ei god bok. Det var både glede og sorg i den. Det var gode skildringar i boka, og det var lett og flytande språk, så det var lett å forstå kva det var forfattaren hadde skrive. Det som var litt dårlig var at boka var litt forvirrande i byrjinga. Så ein måtte lese ei stund før ein skjønte handlinga. Dessutan var boka litt langsam nokre gangar.

Meir informasjon om forfattaren: http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/S/Gaute-M-Sortland.aspx

Den raude veggen


”Den raude veggen” er Stig Elvis Furset andre bok så langt. Boka blei gitt ut i 2008 og er ein roman om fotball og kjærleik. Forfattaren Stig Elvis er brannsupporter, hatar Norges Fotballforbund og elskar Elvis.


Hans bok om Brann byggjer på ideen frå hans debutbok, kor han følgjer Brann frå serierunde til serierunde gjennom ein heil sesong. Gjennom boka følgjer vi blodfan og fotballprofet Jeremias’ ferd gjennom Branns gullsesong, med Diego Maradona som reiseleiar og Elvis Presley som åndshøvding.


Jeremias føljer sine røde heltar til seriegull i sesongen 2007, et seriegull som er dykkar første sidan 1963. Stig Elvis skriver gjennom sin hovudperson Jeremias som snakkar med sine venner Maradona og Jesus, i tillegg til å lire av seg spydigheiter om maktpersonane i fotballforbundet, Rosenborg og stor sett alle av dei andre lagane i Tippeligaen. Men då det er gjort på ein humoristisk måte tråkkjer det sjeldan over noen grense.


Boka er full av ironi og humor. Forfattaren har vore dyktig på å uttrykkje seg humoristisk, noko som gjer boka utroleg morosam å lese. Sjølv om eg ikkje er nokon stor Brannsupporter, eller fotballfan for den del, syntes eg aldri boka vart kjedeleg, på tross av at det er ei bok basert på fotball. I ettertid kan eg også påpeike at for å få fullt utbytte av bokas ironi og humor, kan det nok vera ein fordel å ha litt innsikt i norsk fotball, då det er ein mengde namn og steder som er greitt å ha eit forhold til.

Sammen til verdens ende

Dette er en kjærlighetshistorie skrevet av Tone-Elisabeth Simonsen og Espen Simonsen. Forlaget som har gitt ut boken er Publicom og den er på 207 sider.

Denne boken er en fortelling om Tone og Espen, en fortelling basert på dagbøker, Tones egne ord og Espens mi
nner om tiden de fikk sammen. Tone begynte å skrive når hun fikk bekreftet at hun hadde en ondartet svulst, altså kreft. Det er en gripende fortelling hvor Tone og Espen forteller om hverdagene, inspirasjon og hvordan det er og leve og bo sammen med en kreftpasient.

Boken starter med at Tone forteller hvordan det var og få vite at man har kreft. Hvordan familie, venner og Espen reagerte. Hun skriver meget detaljert og det er en gripende tekst. Vi får vite tidlig i boka at etter en mengde med tester og blodprøver at hun skal opperere bort svulsten som ligger over og innenfor livmoren. Opperasjonen var vellykket og de hadde fått fjernet alt. Cellegift sto da for tur, for og drepe kreftcellene i kroppen fullstendig. Tone skriver mye om den lange perioden hun bruker cellegiften, hvor mye det tappet kroppen hennes for krefter og hvor slitsomt det var. Tone sliter i mange år med kreften som kommer å går og det blir mer og mer slitsomt. Men i all sorgen og nedturene så finner hun krefter til og skrive om de positive og minnerike stundene.

Dette var en veldig god bok, den fanget interessen min med en gang. Historien er gripende og sann. Det kan skje med hvem som helst. Og jeg synes det er positivt at Tone og Espen har valgt og dele sin historie med oss. Dette er en bok alle burde lese.

Hvis dere er interesert i og se et intervju av Tone gå inn på: http://www.seher.no/media/player/
Og søk på Tones siste ønske.







tirsdag 18. januar 2011

Plutselig skjøna eg alle songane - Tor Arve Røsland

Plutselig skjøna eg alle songane av Røsland. Røsland, Tore Arve (2004). Oslo : Det Norske Samlaget.
Plutselig skjøna eg alle songane er den fjerde boka han har skrive og den andre ungdomsboka han har skrive.

Boka handlar om ein person og alt som går føre i hovudet hans. Han er ein person med mykje angst , han har da spesielt problema med døden. Problema med døden har han hatt sia han fekk eit panikk anfall då han var liten. Han har akkurat flytta inn på ein hybel i Voss for å gå på skule der. Han tenkar ofte på sommaren, då gløymer han angsten for å døy. Han skriver mange listar, det har han drive med heile livet og det hjelper han også med å gløyme angsten for å døy.

Eg synast ikkje boka var veldig interessant, boka er ikkje veldig kronologisk. Tor Arve Røsland hoppar veldig mykje at og fram i handlinga, det kan vare bra men i denne boka synast eg det ble litt før mykje av det. Det ble ikkje direkte vanskeleg og følgja med på handlinga, men det førte til at eg ikkje synast boka ble så spennande. Eg synes ikkje boka var veldig spennande men den er ikkje dårleg skrive, det er lett leseleg og utgangspunktet for boka er heller ikkje dårleg. Eg synast bare ikkje Tore Arve Røsland kom heilt i mål då han skreiv denne boka. 

Meir informasjon om forfattaren: http://www.forfattaren.no/

  

Nattskrik


Forfattar: Magnhild Bruheim

Forlag: Det Norske Samlaget

Gitt ut år: 2008

Antal sider: 303


Nattskrik handlar om politibetjent Hans Velid og hans dotter Tuva som prøver å finne ut kven som drap Line Spangen. Noen få veker etter drapet finn dei ei drepen tysk jente i Hordaland. Hele handlinga startar med at Tuva kjører opp til ei bygd og besøker tunet Sota Sæter. Line Spangen var skodespelar på teateret som skulle ha premiere ganske snart. Far til Tuva, Hans Velid ble tilkalla for å vere med i etterforskinga av drapet. Dei finner to innrissa SN eller NS merker. Det viser seg at Line var med i ei gruppe som likte seg best om natta, kalla nattskrik. Tuva Velid er veldig nysgjerrig på kva Line hadde vore medlem av. Derfor får hun ordna eit møte med eit medlem av gruppa. Line visste ikkje kva hun hadde rota seg borti.

Eg skal ikkje røpe meir av sjølve handlinga. De får lese boka sjøl! Her oser det av gammalt hat og nag, av undertrykt raseri og det er og godt skjulte familieløyndomar. Boka er vel kan hende ikkje spesielt lett å lese. Skulle eg peike på noko negativt må det bli at det spaningstoppen kjem for langt ut i boka, men avslutninga er bra. Men alt i alt er det ei spanande bok som eg gjerne anbefaler til andre å lese. Magnhild Bruheim har skrive fleire krimbøker. Ho er født i 1951, og er forfattar og frilansjournalist. Nattskrik er hennar sjette kriminalroman. Ho har tidlegare gitt ut Varselet, Maskerade, Utan Englevakt, Svart Arv og Dragsug. Alle desse bøkene er kritikarroste bøker.

søndag 16. januar 2011

Løn for strevet?

I jula har eg lese berre ei bok (sant å seie vart eg ikkje heilt ferdig). Den heiter Pedagogisk ledelse og er skriven av dansken Lejf Moos. Denne fyren med det elgaktige namnet, og som ikkje ser særleg glad ut på biletet, skriv om skulen.
Moos er oppteken av relasjonane i skulen, det vil seie korleis me har det med kvarandre. Om me trivst i lag, dvs kommuniserer godt og har tillit til kvarandre, så kan me gjere mykje meir ut den tida me er saman  - elevar, lærarar og andre tilsette - enn om det er vantrivsel. No er vel dette ikkje noko som er spesielt for skulen akkurat, men det er nok enno meir avgjerande for kva me får til enn om me jobba på ein fiskebollefabrikk.

Det er ikkje slik at det å trivast er det er det same som å kose seg og late ”humla suse” medan ein gjer berre det ein har lyst til. Nei, skulen er til for to ting: danning og arbeid. 
Me skal verte danna menneske saman, lærarar og elevar. Lærarane er ikkje ferdigdanna sjølv om dei er vaksne, det må du ikkje tru.   Danning vil seie at ein blir eit dugande menneske som har gode verdiar, som veit å ta vare på seg sjølv og andre og naturen.  Dessutan krevst det at ein veit kva demokrati er og kan ta del i demokratiske prosessar. Derfor må skulen vere demokratisk både for elevar og lærarar. Men kva skal til for å leie ein skule slik at det vert trivsel og demokrati i skulen? Det skriv Lejf Moos om.
Dessutan skal me gjere arbeid saman, me skal gjere læringsarbeid. Om me verkeleg skal gjere godt arbeid, så er det nok slik at det vert meir enn åttetimarsdag både på læraren og eleven. Får vi løn for strevet? Ja, nokre gonger. Men eg trur både partar andre gonger endar opp med at løna ikkje svarar til strevet, eleven fekk ikkje den karakteren han ville ha, læraren fekk ikkje elevane med seg i læringsarbeidet slik han tenkte då han laga opplegget.  Men om me har ei god skuleleiing kan ho hjelpa oss gjennom å leggje godt til rette for arbeidet og slik at me utviklar oss og får betre læringsresultat. Korleis skuleleiinga bør gå fram, det skriv Moos mykje om. Jaja, er dette noko elevane kjem til å lese? - undrar eg her eg sit og skriv. Me får sjå.


Hissig heste-jente med tæl

Lene Kaaberbøl: «Sølvhesten» (People's Press/Art People, 157 sider, omsett av Øystein Rosse).


Sølvhesten blei gitt ut i Danmark i 1992, og er skrive av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl. Omsetjinga til norsk kom ikkje til Norge før i 2005. Boka er skrive i sjangeren fantasy, og er den 9. i forfattarkarrièren hennar.

Sølvhesten omhandlar ei jente på omkring 12 år, som heiter Katriona Teresadotter, sjølv om alle berre kallar ho Kat. Kat veks opp i ein verden der ein må passe seg for bland anna marehestar og karavane-menn. Kat bor på Isranunkelen vertshus, som mora hennar eig, saman med stefaren Cornelius, og Kats mange halvsysken. Kat er veldig glad i hestar, og ho har eit spesielt godt lag med dei. Difor er det ho som tar seg av de fleste hestane som kjem med ryttarane sine til Isranunkelen for å kvile. Ein dag får vertshuset besøk av ein svært spesiell gjest, nemleg ein sølvryttar. Frå den dagen blir alt annleis for Kat, og ho drøymer om sølvryttaren og den vakre sølvhesten med dei gule, urovekkande mareauga. Vondskapsfulle fosterdøtrer blir også ei tøff utfordring for den lettantennelege Kat.

Boka er heilt klart meint for yngre ungdomar, og passar difor kanskje betre for 12-13 åringar. På tross av det vil eg si at boka er spennande, og at ein verkeleg føler med Kat når ho får eit av sine raseriutbrot. Den er koseleg, men samtidig litt dyster og viser ei 12 år gammal jente med eit nokså komplisert liv. Mi oppfatning av sølvhesten er god, og så absolutt ei bok å anbefale!

Sølvhesten er den første av tre bøker i Katriona-serien. Oppfølgjarane heiter Hermelinen og Isfuglen.


Kjelde:
http://no.wikipedia.org/wiki/Lene_Kaaberb%C3%B8l



Om du ønskjer å vete meir om forfattaren, eller om bøkene hennar, så kan du gå inn på: http://www.kaaberboel.dk/ )


fredag 14. januar 2011

Okkupert kjærleik

Eg har lese boka «Okkupert kjærleik» av Ragnfrid Trohaug. Boka handlar om ei jente som heitar Ida og er 15 år. Ida får ein sommarferie heilt utanom det vanlege; Foreldra reiser til Afrika, og ho må bu til storebroren og kjærasten hans i heile ferien. Før pleidde Ida og storebroren, Thomas, å vere på besøk hos farfar heile ferien. Ida elska desse feriane, så dette blei ganske nytt for ho. Thomas har forandra seg, han er ikkje like snill som han var før, og Ida mislikar den nye kjærasten. Dette kjem til å bli ein dritferie, tenkjer ho.

Dei første vekene blir som venta; Kjedelege og full av frustrasjon over at Thomas ikkje er den same. Men etter nokon veker, møter Ida ei jente som heitar Linn. Linn er pen og høy, med langt lyst hår. Ida blir interessert i ho, vil vere saman med ho, tenkjer på ho heile tida. Ida er forelska – i ei jente!

Boka skildrar veldig godt kva som går for seg i hovudet til «vanskelege» tenåringar, og eg er sikker på at mange unge kan kjenne igjen staheita og trassheita i seg sjølv, at ingen forstår seg på deg. Forfattaren skildrar også ganske godt korleis ein kan finne ut at ein er lesbisk eller homofil. Kort oppsummert synes eg at boka var spennande, og eg fikk lyst til å lese meir når eg først hadde begynt.


FÅ MEG PÅ, FOR FAEN.

Få meg på, for faen ei bok av Olaug Nilssen.

Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av kåtleik. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så god

t og viktig at media plukkar det opp og gjer ho til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.

Boka er tong i starten og ikkje noko gjer ein lyst til å lese vidare. Etter å ha komme i gang med boka, blir den meir og meir spennande. Den tar for seg personer som vil opp og fram. Hovudpersonane følar seg gløymde, og de vil bli lagt merke til. Få meg på, for faen er ei veldig absurd, humoristisk og inderleg melodrama om trongen til å bli sedd av nokon. Eg vil tru mange vil kjenne seg igjen i ein del av situasjonane boka tar for seg gjennom de ulike personane.

Boka er dramatisert av Norsk teater, som ble ein stor suksess. Det er også blitt laga film. Vil du lese meir om dramatiseringen, gå inn på nettsiden:

http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.4001364

Olaug Nilssen, forfatteren av boka er født 28. desember i 1977 i Solheimsdalen i Førde. Ho er forfattar og dramatikar som skriv på nynorsk. Ho er busatt i Bergen.