onsdag 19. januar 2011

Englefjes av Ingelin Røssland


Engel Winge har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes. Ho har eit særskild talent for å rota i andre sine sakar, som førar henne i livsfare. Ein del sakar som ho ikkje skulle funne ut dukkar opp. Ho har veldig lyst til å skrive om disse i avisa, men møter kraftige protester frå sjefen. Den rikaste mannen i bygda, Tomtegorgen, har mystisk nok eit godt grep over redaktøren. Men Engel gir seg ikkje, sjølv om ho får sparken, fortsettar ho likevell å forska på disse sleipe folka. Ho blir utsett for både mordforsøk og voldtektsforsøk i denne boka som er første bok i serien.


Eg syns personleg at boka var veldig spennande. Litt vell mykje som skjer av og til, noe som gjør at det blir litt vanskeleg å følga med heile tia. Ho brukar veldig mykje bannskap i språket, derfor trur eg boka er best egna til ungdommar.


Eg fant denne omtala om Ingelin Røssland: http://www.txt.no/index.php?option=com_content&view=article&id=690&Itemid=537 . I følge ungdommar forstår ho seg på korleis ungdommar tenkar, snakkar og oppførar seg. Eg kan godt sei meg enig i det, for ho skriv på ein måte som gjør at eg vil lesa fleir bøker av ho.

Den store dagen

Novella «Den store dagen» er frå novellesamlinga «Ein stad å møtast» skriven av Reidun Elise Foldøy.

Eg leste fleire noveller frå novellesamlinga, og tykte mange av dei var vanskeleg å forstå. Ei novelle eg tykte var grei å forstå var «Den Store Dagen».

Her har eg gjenfortalt kort med mine eigne ord.

Eva ser seg i
spegelen. No er ho endeleg ferdig, etter å ha brukt fleire timar på å gjere seg klar. Frisørdama har fiksa håret perfekt. Etter å ha spara lengda på håret i over eit år, vart det eit bra resultat då ho fekk klyppa det i passande lengde etter at håret var farga og rullane teke ut.
Ho fiksar på kjolen. Det stikk og klør. Undertøyet ho har under kjolen er så stramt at ho såvidt får til å puste ordentlig. Men kva gjer ein ikkje for sin kommande ektemann, tenkjer ho. Ho gler seg til å sjå utykkje til Jostein når ho kjem opp mot alteret. Han skal verkeleg få seg ei overrasking ikveld. Ho smilar ved tanken.

Ho og venninna Beate har
sete på salongen lenge no. Dei har vorte fiksa og pynta på, og snakka om kor mykje dei kommer til å sakne kvarandre når Eva skal flytte, ho og Jostein, no når dei snart er gift. No står dei bere å ventar på Volvoen som skal bringa dei til kyrkja.

Inndalsvikkyrkja er full av spente familiemedlemmar og vennar. Alle snur seg og retter blikket mot døra i det organisten startar å spele Bruremarsjen. Eva ser opp mot kjærasten, mens ho held hardt i faren for å ikkje snubla i kjolen. Mange tankar går rundt i hovudet hennar no. Ho tenkjer på at ho skal danse på Scandic etterpå, danse som ho aldri før har dansa. Og under middagen skal ho halde ein tale om kvifor ho vil dele heile livet sitt med Jostein.

Presten har sagt sitt og dei har
kome til delen kor dei skal svare at dei vil vere saman «til døden skil dei ad». Jostein svarar ikkje. Eva blir uroleg og ser opp på han og prøver å få kontakt. Etter ei stund seier han «til døden skil oss – det er lenge.. Det er faktisk alt eg har» Så byrjar han ramsa opp mykje han må få fortsette å gjere sjøl om dei nå skal gifta seg. « Du må ikkje kasta t-skjortene mine dersom du meiner dei er utslitne». Etterpå seier Eva «eg går ikkje med på det, Eg går ikkje med på det.»




Hær er ei link til forlaget kor boka er utgitt.
http://www.aschehoug.no/litteratur/romanernoveller/katalog?productId=3712407

Kino


Kino

Ei bok av Marit Kaldhol. Boka begynner med ei jente med namne Rita på 13 år som klipper av det lange håret til far hennar mens han ligg og søv på sofaen. Etter dette skriver hun ein lapp der det står «Overnatter hos Vidar R». Men det hun verkeleg gjer er å springa til kinosalen. Siste film hadde nettopp blitt vist, og mens alle folka var på tur ut, gjekk ho inn i den store mengda med folk. Ein vakt stoppa ho, men ho spurte snilt om ho kunne få hente hanskane sine som hun påsto ho hadde gløymt. Ho hadde ikkje det, hun hadde ikkje ein gang sett filmen. Vaktaren smilte bare og sa det var greit. Når alle dei andre menneskjene hadde komme seg ut, fekk ho nokk tid til å gjømme seg før vakta kom tilbake. Ho låg bak eit forheng lenge. Sat der og venta til alt ble heilt stille. Då lista ho seg fram og la seg for å sove i kinosalen.

Akkurat før ho sovna begynte ho å høyre lydar. Det begynte ein film! Filmen viste far hennar som sto heilt aleine på ei kai og ropa etter Rita. Ho viste ikkje kva ho skul tro, var ho i ein film? Kva var det eigentleg som skjedde nå? Etter ei stund kom Vidar R opp på lerretet. Rita var nå tett inntil han og kunne ta og føle på verkelegheita. Var ho i ein film?

«Kino» er ei bok som gjorde at eg var nøtt til å tenkje mens eg las. Den tar for seg korleis det er å vere i trassalderen og korleis situasjonar taklast. Etter allereie første side var eg bare nøtt til å lese meir.

Kvifor sa vi ingenting?

Skrevet av Jan de Zanger

I jula leste eg boka som heiter «Kvifor sa vi ingenting», den er skreve av Jan de Zanger. Boka handlar om ein mann som heitar Pieter Vink, han var 42 år, lykkelig gift og jobba som advokat.

Det boka handlar om er at Pieter møtte opp på skole gjenforeining etter 25 år. Det han hadde gløymt frå skoletida var Sietse Boonstra. Han var den i klassen som ingen snakket med men mobba. Han tok sjølmord, og dette følte Pieter seg skyldig i, han følte nå i det voksane livet sitt at han og klassekameratane kunne gjort noko for å gjere det lettare for Sietse.

Eg syntes boka var bra, og visar det som har og er i dag enda eit problem i blant annan skolen, altså mobbing. Det er mykje vi kan gjere allereie på skolen, for å forhindre slike tilfelle som i denne historia, med at det gikk så langt at ein person tok livet sitt. Boka passar godt for ungdommar, det er noko som får oss til å tenke over korleis vi har det i vårt skolemiljø, og korleis det kan vere andre steder.

Johan


Boka heiter Johan og den er skrive av Gaute M. Sortland. Dette er debutromanen hans. Den handlar om ein gut som heiter Johan. Han har mista veslesystera si i ein drukningsulykke like før sommaren. Så når han da kviknar opp og det er sommarferie, har han ei anna kjensle i kroppen enn den han brukar å ha når det er sommarferie. Samtidig som han sørgjer over veslesyster si, møter han kjærleiken for første gong.

Det er ei bok med parallellhistorier. Den eine historia handlar om det som var før ulykka. I den historia var det mye glede og alle var glade. I den andre historia handlar det om det som skjedde etter ulykka. Da var alle i sorg og det blei ei dyster stemning.

Eg synest det var ei god bok. Det var både glede og sorg i den. Det var gode skildringar i boka, og det var lett og flytande språk, så det var lett å forstå kva det var forfattaren hadde skrive. Det som var litt dårlig var at boka var litt forvirrande i byrjinga. Så ein måtte lese ei stund før ein skjønte handlinga. Dessutan var boka litt langsam nokre gangar.

Meir informasjon om forfattaren: http://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/S/Gaute-M-Sortland.aspx

Den raude veggen


”Den raude veggen” er Stig Elvis Furset andre bok så langt. Boka blei gitt ut i 2008 og er ein roman om fotball og kjærleik. Forfattaren Stig Elvis er brannsupporter, hatar Norges Fotballforbund og elskar Elvis.


Hans bok om Brann byggjer på ideen frå hans debutbok, kor han følgjer Brann frå serierunde til serierunde gjennom ein heil sesong. Gjennom boka følgjer vi blodfan og fotballprofet Jeremias’ ferd gjennom Branns gullsesong, med Diego Maradona som reiseleiar og Elvis Presley som åndshøvding.


Jeremias føljer sine røde heltar til seriegull i sesongen 2007, et seriegull som er dykkar første sidan 1963. Stig Elvis skriver gjennom sin hovudperson Jeremias som snakkar med sine venner Maradona og Jesus, i tillegg til å lire av seg spydigheiter om maktpersonane i fotballforbundet, Rosenborg og stor sett alle av dei andre lagane i Tippeligaen. Men då det er gjort på ein humoristisk måte tråkkjer det sjeldan over noen grense.


Boka er full av ironi og humor. Forfattaren har vore dyktig på å uttrykkje seg humoristisk, noko som gjer boka utroleg morosam å lese. Sjølv om eg ikkje er nokon stor Brannsupporter, eller fotballfan for den del, syntes eg aldri boka vart kjedeleg, på tross av at det er ei bok basert på fotball. I ettertid kan eg også påpeike at for å få fullt utbytte av bokas ironi og humor, kan det nok vera ein fordel å ha litt innsikt i norsk fotball, då det er ein mengde namn og steder som er greitt å ha eit forhold til.

Sammen til verdens ende

Dette er en kjærlighetshistorie skrevet av Tone-Elisabeth Simonsen og Espen Simonsen. Forlaget som har gitt ut boken er Publicom og den er på 207 sider.

Denne boken er en fortelling om Tone og Espen, en fortelling basert på dagbøker, Tones egne ord og Espens mi
nner om tiden de fikk sammen. Tone begynte å skrive når hun fikk bekreftet at hun hadde en ondartet svulst, altså kreft. Det er en gripende fortelling hvor Tone og Espen forteller om hverdagene, inspirasjon og hvordan det er og leve og bo sammen med en kreftpasient.

Boken starter med at Tone forteller hvordan det var og få vite at man har kreft. Hvordan familie, venner og Espen reagerte. Hun skriver meget detaljert og det er en gripende tekst. Vi får vite tidlig i boka at etter en mengde med tester og blodprøver at hun skal opperere bort svulsten som ligger over og innenfor livmoren. Opperasjonen var vellykket og de hadde fått fjernet alt. Cellegift sto da for tur, for og drepe kreftcellene i kroppen fullstendig. Tone skriver mye om den lange perioden hun bruker cellegiften, hvor mye det tappet kroppen hennes for krefter og hvor slitsomt det var. Tone sliter i mange år med kreften som kommer å går og det blir mer og mer slitsomt. Men i all sorgen og nedturene så finner hun krefter til og skrive om de positive og minnerike stundene.

Dette var en veldig god bok, den fanget interessen min med en gang. Historien er gripende og sann. Det kan skje med hvem som helst. Og jeg synes det er positivt at Tone og Espen har valgt og dele sin historie med oss. Dette er en bok alle burde lese.

Hvis dere er interesert i og se et intervju av Tone gå inn på: http://www.seher.no/media/player/
Og søk på Tones siste ønske.







tirsdag 18. januar 2011

Plutselig skjøna eg alle songane - Tor Arve Røsland

Plutselig skjøna eg alle songane av Røsland. Røsland, Tore Arve (2004). Oslo : Det Norske Samlaget.
Plutselig skjøna eg alle songane er den fjerde boka han har skrive og den andre ungdomsboka han har skrive.

Boka handlar om ein person og alt som går føre i hovudet hans. Han er ein person med mykje angst , han har da spesielt problema med døden. Problema med døden har han hatt sia han fekk eit panikk anfall då han var liten. Han har akkurat flytta inn på ein hybel i Voss for å gå på skule der. Han tenkar ofte på sommaren, då gløymer han angsten for å døy. Han skriver mange listar, det har han drive med heile livet og det hjelper han også med å gløyme angsten for å døy.

Eg synast ikkje boka var veldig interessant, boka er ikkje veldig kronologisk. Tor Arve Røsland hoppar veldig mykje at og fram i handlinga, det kan vare bra men i denne boka synast eg det ble litt før mykje av det. Det ble ikkje direkte vanskeleg og følgja med på handlinga, men det førte til at eg ikkje synast boka ble så spennande. Eg synes ikkje boka var veldig spennande men den er ikkje dårleg skrive, det er lett leseleg og utgangspunktet for boka er heller ikkje dårleg. Eg synast bare ikkje Tore Arve Røsland kom heilt i mål då han skreiv denne boka. 

Meir informasjon om forfattaren: http://www.forfattaren.no/

  

Nattskrik


Forfattar: Magnhild Bruheim

Forlag: Det Norske Samlaget

Gitt ut år: 2008

Antal sider: 303


Nattskrik handlar om politibetjent Hans Velid og hans dotter Tuva som prøver å finne ut kven som drap Line Spangen. Noen få veker etter drapet finn dei ei drepen tysk jente i Hordaland. Hele handlinga startar med at Tuva kjører opp til ei bygd og besøker tunet Sota Sæter. Line Spangen var skodespelar på teateret som skulle ha premiere ganske snart. Far til Tuva, Hans Velid ble tilkalla for å vere med i etterforskinga av drapet. Dei finner to innrissa SN eller NS merker. Det viser seg at Line var med i ei gruppe som likte seg best om natta, kalla nattskrik. Tuva Velid er veldig nysgjerrig på kva Line hadde vore medlem av. Derfor får hun ordna eit møte med eit medlem av gruppa. Line visste ikkje kva hun hadde rota seg borti.

Eg skal ikkje røpe meir av sjølve handlinga. De får lese boka sjøl! Her oser det av gammalt hat og nag, av undertrykt raseri og det er og godt skjulte familieløyndomar. Boka er vel kan hende ikkje spesielt lett å lese. Skulle eg peike på noko negativt må det bli at det spaningstoppen kjem for langt ut i boka, men avslutninga er bra. Men alt i alt er det ei spanande bok som eg gjerne anbefaler til andre å lese. Magnhild Bruheim har skrive fleire krimbøker. Ho er født i 1951, og er forfattar og frilansjournalist. Nattskrik er hennar sjette kriminalroman. Ho har tidlegare gitt ut Varselet, Maskerade, Utan Englevakt, Svart Arv og Dragsug. Alle desse bøkene er kritikarroste bøker.

søndag 16. januar 2011

Løn for strevet?

I jula har eg lese berre ei bok (sant å seie vart eg ikkje heilt ferdig). Den heiter Pedagogisk ledelse og er skriven av dansken Lejf Moos. Denne fyren med det elgaktige namnet, og som ikkje ser særleg glad ut på biletet, skriv om skulen.
Moos er oppteken av relasjonane i skulen, det vil seie korleis me har det med kvarandre. Om me trivst i lag, dvs kommuniserer godt og har tillit til kvarandre, så kan me gjere mykje meir ut den tida me er saman  - elevar, lærarar og andre tilsette - enn om det er vantrivsel. No er vel dette ikkje noko som er spesielt for skulen akkurat, men det er nok enno meir avgjerande for kva me får til enn om me jobba på ein fiskebollefabrikk.

Det er ikkje slik at det å trivast er det er det same som å kose seg og late ”humla suse” medan ein gjer berre det ein har lyst til. Nei, skulen er til for to ting: danning og arbeid. 
Me skal verte danna menneske saman, lærarar og elevar. Lærarane er ikkje ferdigdanna sjølv om dei er vaksne, det må du ikkje tru.   Danning vil seie at ein blir eit dugande menneske som har gode verdiar, som veit å ta vare på seg sjølv og andre og naturen.  Dessutan krevst det at ein veit kva demokrati er og kan ta del i demokratiske prosessar. Derfor må skulen vere demokratisk både for elevar og lærarar. Men kva skal til for å leie ein skule slik at det vert trivsel og demokrati i skulen? Det skriv Lejf Moos om.
Dessutan skal me gjere arbeid saman, me skal gjere læringsarbeid. Om me verkeleg skal gjere godt arbeid, så er det nok slik at det vert meir enn åttetimarsdag både på læraren og eleven. Får vi løn for strevet? Ja, nokre gonger. Men eg trur både partar andre gonger endar opp med at løna ikkje svarar til strevet, eleven fekk ikkje den karakteren han ville ha, læraren fekk ikkje elevane med seg i læringsarbeidet slik han tenkte då han laga opplegget.  Men om me har ei god skuleleiing kan ho hjelpa oss gjennom å leggje godt til rette for arbeidet og slik at me utviklar oss og får betre læringsresultat. Korleis skuleleiinga bør gå fram, det skriv Moos mykje om. Jaja, er dette noko elevane kjem til å lese? - undrar eg her eg sit og skriv. Me får sjå.


Hissig heste-jente med tæl

Lene Kaaberbøl: «Sølvhesten» (People's Press/Art People, 157 sider, omsett av Øystein Rosse).


Sølvhesten blei gitt ut i Danmark i 1992, og er skrive av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl. Omsetjinga til norsk kom ikkje til Norge før i 2005. Boka er skrive i sjangeren fantasy, og er den 9. i forfattarkarrièren hennar.

Sølvhesten omhandlar ei jente på omkring 12 år, som heiter Katriona Teresadotter, sjølv om alle berre kallar ho Kat. Kat veks opp i ein verden der ein må passe seg for bland anna marehestar og karavane-menn. Kat bor på Isranunkelen vertshus, som mora hennar eig, saman med stefaren Cornelius, og Kats mange halvsysken. Kat er veldig glad i hestar, og ho har eit spesielt godt lag med dei. Difor er det ho som tar seg av de fleste hestane som kjem med ryttarane sine til Isranunkelen for å kvile. Ein dag får vertshuset besøk av ein svært spesiell gjest, nemleg ein sølvryttar. Frå den dagen blir alt annleis for Kat, og ho drøymer om sølvryttaren og den vakre sølvhesten med dei gule, urovekkande mareauga. Vondskapsfulle fosterdøtrer blir også ei tøff utfordring for den lettantennelege Kat.

Boka er heilt klart meint for yngre ungdomar, og passar difor kanskje betre for 12-13 åringar. På tross av det vil eg si at boka er spennande, og at ein verkeleg føler med Kat når ho får eit av sine raseriutbrot. Den er koseleg, men samtidig litt dyster og viser ei 12 år gammal jente med eit nokså komplisert liv. Mi oppfatning av sølvhesten er god, og så absolutt ei bok å anbefale!

Sølvhesten er den første av tre bøker i Katriona-serien. Oppfølgjarane heiter Hermelinen og Isfuglen.


Kjelde:
http://no.wikipedia.org/wiki/Lene_Kaaberb%C3%B8l



Om du ønskjer å vete meir om forfattaren, eller om bøkene hennar, så kan du gå inn på: http://www.kaaberboel.dk/ )


fredag 14. januar 2011

Okkupert kjærleik

Eg har lese boka «Okkupert kjærleik» av Ragnfrid Trohaug. Boka handlar om ei jente som heitar Ida og er 15 år. Ida får ein sommarferie heilt utanom det vanlege; Foreldra reiser til Afrika, og ho må bu til storebroren og kjærasten hans i heile ferien. Før pleidde Ida og storebroren, Thomas, å vere på besøk hos farfar heile ferien. Ida elska desse feriane, så dette blei ganske nytt for ho. Thomas har forandra seg, han er ikkje like snill som han var før, og Ida mislikar den nye kjærasten. Dette kjem til å bli ein dritferie, tenkjer ho.

Dei første vekene blir som venta; Kjedelege og full av frustrasjon over at Thomas ikkje er den same. Men etter nokon veker, møter Ida ei jente som heitar Linn. Linn er pen og høy, med langt lyst hår. Ida blir interessert i ho, vil vere saman med ho, tenkjer på ho heile tida. Ida er forelska – i ei jente!

Boka skildrar veldig godt kva som går for seg i hovudet til «vanskelege» tenåringar, og eg er sikker på at mange unge kan kjenne igjen staheita og trassheita i seg sjølv, at ingen forstår seg på deg. Forfattaren skildrar også ganske godt korleis ein kan finne ut at ein er lesbisk eller homofil. Kort oppsummert synes eg at boka var spennande, og eg fikk lyst til å lese meir når eg først hadde begynt.


FÅ MEG PÅ, FOR FAEN.

Få meg på, for faen ei bok av Olaug Nilssen.

Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av kåtleik. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så god

t og viktig at media plukkar det opp og gjer ho til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.

Boka er tong i starten og ikkje noko gjer ein lyst til å lese vidare. Etter å ha komme i gang med boka, blir den meir og meir spennande. Den tar for seg personer som vil opp og fram. Hovudpersonane følar seg gløymde, og de vil bli lagt merke til. Få meg på, for faen er ei veldig absurd, humoristisk og inderleg melodrama om trongen til å bli sedd av nokon. Eg vil tru mange vil kjenne seg igjen i ein del av situasjonane boka tar for seg gjennom de ulike personane.

Boka er dramatisert av Norsk teater, som ble ein stor suksess. Det er også blitt laga film. Vil du lese meir om dramatiseringen, gå inn på nettsiden:

http://www.nrk.no/kultur-og-underholdning/1.4001364

Olaug Nilssen, forfatteren av boka er født 28. desember i 1977 i Solheimsdalen i Førde. Ho er forfattar og dramatikar som skriv på nynorsk. Ho er busatt i Bergen.





Svarte-Mathilda

«Svarte-Mathilda» er ei bok skreve av Tor Arve Røssland. Den handlar om Elisabeth, ei fjorten år gammal jente, som flytter til utkanten av Bergen saman med mor si. Med ein gang ho tok steget innafor den nye leilegheita deires, følte ho seg uhøveleg og merka fort overnaturlege ting som andre ikkje la merke til. Ho hadde nettopp mista huset og broren sin, Tommy, i ein brann, så mora trudde det var trauma frå hendelen som fikk ho til å sjå ting. Men slik var det ikkje.


Allereie første dagen i huset såg ho ting. Da ho jekk på badet såg ho eit blodig håndavtrykk på golvet. Det forsvann da ho ropte på mora, som da sjølvsagt ikkje trudde på ho. Same dag utforska ho loftet som følgde med leilegheita. Der fant ho masse forskjellige saker, blant anna eit spegel og ei gammal dagbok. Spegelen hang ho opp på badet og boka begynte ho fort å lese.


Det viste seg at det hadde vert begått eit uoppløyst mord på badet deira for 20 år siden. Dagboka tilhøyrde offeret, Marie. Seinare både såg og høyrde Elisabeth Marie, som hjelpa ho å komme til bunns i mordet hennes. Ho fant fort ut at det var spegelen på badet som var grunnen til alt. Det var ein type «Bloody Mary» forbanning over det, bare med eit anna navn; «Svarte-Mathilda». Det viste seg at det var dette som drap Marie. Ho sa «Svarte-Mathilda» 7 gong i speilet, så dukka ho opp og drap ho.


Med god hjelp frå skolekameraten Phillip og bibliotekaren Viggo, fant de ut at Mathilda var ei lita jente som blei slukt sjela utav da ho var lita. Ho blei drepe av læraren sin som prøvde gjennom eit speil å få sjela til Mathilda inn i dotter si som hadde våre misforma sida fødselen. Ho feila, og sjela til Mathilda jekk inn i spegelen i staden for. Alt det gode i sjela hennar blei syg ut, og alt som var igjen var det vonde.


Elisabeth dro seinare heimplassen hennes, kor ho fant gjerningsstaden Mathilda blei drepe. Mathilda dukka opp, siden Elisabeth hadde kalla på ho tidligare. Ho prøvde å drepe henne, men Elisabeth var sterk. Ho fekk stengt sjela hennes inn i ein medaljong, og siden ha ho aldri vistes.

mandag 6. desember 2010

Om bloggpostar

Bloggpostar som ikkje handlar om det bloggen skal brukast til vert teke utskrift av og brukt til dokumentasjon i samband med karakteroppgjer i adferd.
Me skal lære høvisk framferd og digital danning i og med dette prosjektet

BLOGG, BOK OG BIBLIOTEK

Arbeid:
· Alle elevane skal lese ei bok som er skrive på nynorsk: biblioteket har funne fram mange gode bøker. Dei fleste er bøker som har kome ut dei siste åra. Det er mest romanar å velje i, men også nokre novellesamlingar, reiseskildringar, essay og andre meir sakprega sjangrar
· Alle elevane skal skrive ein kommentar til boka dei har lese på klassebloggen: http://kulturzone2a.blogspot.com/
· Kommentaren kan vere ei bokmelding eller liknande
· Den skal vere 250 ord eller meir og skal skrivast på nynorsk
· Det bør vere bilete og andre element i bloggposten som gjer den til ein god samansett tekst
· Det bør vere linkar til andre media der boka eller forfattaren er omtala

   Fristar:
· For å lese ferdig boka: 4.januar
· For å legge ut bloggpost: 19. januar


 





Seinare vil vi skrive meir på bloggen. Då skriv vi kanskje om gode filmar, kanskje om tidsskrift eller kanskje om teikneseriar som ein kan låne på biblioteket...
Me vil gjerne ha kommentarar på bloggpostane