Lene Kaaberbøl: «Sølvhesten» (People's Press/Art People, 157 sider, omsett av Øystein Rosse).
Sølvhesten blei gitt ut i Danmark i 1992, og er skrive av den danske forfattaren Lene Kaaberbøl. Omsetjinga til norsk kom ikkje til Norge før i 2005. Boka er skrive i sjangeren fantasy, og er den 9. i forfattarkarrièren hennar.
Sølvhesten omhandlar ei jente på omkring 12 år, som heiter Katriona Teresadotter, sjølv om alle berre kallar ho Kat. Kat veks opp i ein verden der ein må passe seg for bland anna marehestar og karavane-menn. Kat bor på Isranunkelen vertshus, som mora hennar eig, saman med stefaren Cornelius, og Kats mange halvsysken. Kat er veldig glad i hestar, og ho har eit spesielt godt lag med dei. Difor er det ho som tar seg av de fleste hestane som kjem med ryttarane sine til Isranunkelen for å kvile. Ein dag får vertshuset besøk av ein svært spesiell gjest, nemleg ein sølvryttar. Frå den dagen blir alt annleis for Kat, og ho drøymer om sølvryttaren og den vakre sølvhesten med dei gule, urovekkande mareauga. Vondskapsfulle fosterdøtrer blir også ei tøff utfordring for den lettantennelege Kat.
Boka er heilt klart meint for yngre ungdomar, og passar difor kanskje betre for 12-13 åringar. På tross av det vil eg si at boka er spennande, og at ein verkeleg føler med Kat når ho får eit av sine raseriutbrot. Den er koseleg, men samtidig litt dyster og viser ei 12 år gammal jente med eit nokså komplisert liv. Mi oppfatning av sølvhesten er god, og så absolutt ei bok å anbefale!
Sølvhesten er den første av tre bøker i Katriona-serien. Oppfølgjarane heiter Hermelinen og Isfuglen.
Kjelde:
http://no.wikipedia.org/wiki/Lene_Kaaberb%C3%B8l
Om du ønskjer å vete meir om forfattaren, eller om bøkene hennar, så kan du gå inn på: http://www.kaaberboel.dk/ )
Interessant å lese det du skriv. Eg har lyst å lese nokre bøker av Lene Kaaberbøl. Eg trur eg lånar dei og les for ungane mine, sidan eg ikkje er i målgruppa.
SvarSlettEg lurar elles på om det er laga film av desse bøkene? Meiner eg las noko om det ein stad.
Eg blei også veldig interessert i denne boka du skriv om her, og eg syns du har reklamert godt for den! :) Eg trur óg eg lånar den første boka i serien, og sjølv om eg ikkje passar målgruppa skal eg nok nyte den fullt ut <3
SvarSlettEg synest du var dyktig! Det er ikkje mange bøker eg blir betatt av på grunnlag av innhaldslista/referansar :P