Eg har lese boka «Okkupert kjærleik» av Ragnfrid Trohaug. Boka handlar om ei jente som heitar Ida og er 15 år. Ida får ein sommarferie heilt utanom det vanlege; Foreldra reiser til Afrika, og ho må bu til storebroren og kjærasten hans i heile ferien. Før pleidde Ida og storebroren, Thomas, å vere på besøk hos farfar heile ferien. Ida elska desse feriane, så dette blei ganske nytt for ho. Thomas har forandra seg, han er ikkje like snill som han var før, og Ida mislikar den nye kjærasten. Dette kjem til å bli ein dritferie, tenkjer ho.
Dei første vekene blir som venta; Kjedelege og full av frustrasjon over at Thomas ikkje er den same. Men etter nokon veker, møter Ida ei jente som heitar Linn. Linn er pen og høy, med langt lyst hår. Ida blir interessert i ho, vil vere saman med ho, tenkjer på ho heile tida. Ida er forelska – i ei jente!
Boka skildrar veldig godt kva som går for seg i hovudet til «vanskelege» tenåringar, og eg er sikker på at mange unge kan kjenne igjen staheita og trassheita i seg sjølv, at ingen forstår seg på deg. Forfattaren skildrar også ganske godt korleis ein kan finne ut at ein er lesbisk eller homofil. Kort oppsummert synes eg at boka var spennande, og eg fikk lyst til å lese meir når eg først hadde begynt.
Eg fekk no lyst å lese boka, eg og. Den burde kunne bli filmatisert? Kom til å tenkje på ein svensk film eg såg for nokre år sia, Fucking Åmål. den handlar om to jenter som finn kvarandre, og om mykje meir. Fint at den første bloggposten kom allereie no.
SvarSlett