I jula har eg lese berre ei bok (sant å seie vart eg ikkje heilt ferdig). Den heiter Pedagogisk ledelse og er skriven av dansken Lejf Moos. Denne fyren med det elgaktige namnet, og som ikkje ser særleg glad ut på biletet, skriv om skulen.
Moos er oppteken av relasjonane i skulen, det vil seie korleis me har det med kvarandre. Om me trivst i lag, dvs kommuniserer godt og har tillit til kvarandre, så kan me gjere mykje meir ut den tida me er saman - elevar, lærarar og andre tilsette - enn om det er vantrivsel. No er vel dette ikkje noko som er spesielt for skulen akkurat, men det er nok enno meir avgjerande for kva me får til enn om me jobba på ein fiskebollefabrikk.
Det er ikkje slik at det å trivast er det er det same som å kose seg og late ”humla suse” medan ein gjer berre det ein har lyst til. Nei, skulen er til for to ting: danning og arbeid.
Me skal verte danna menneske saman, lærarar og elevar. Lærarane er ikkje ferdigdanna sjølv om dei er vaksne, det må du ikkje tru. Danning vil seie at ein blir eit dugande menneske som har gode verdiar, som veit å ta vare på seg sjølv og andre og naturen. Dessutan krevst det at ein veit kva demokrati er og kan ta del i demokratiske prosessar. Derfor må skulen vere demokratisk både for elevar og lærarar. Men kva skal til for å leie ein skule slik at det vert trivsel og demokrati i skulen? Det skriv Lejf Moos om.
Dessutan skal me gjere arbeid saman, me skal gjere læringsarbeid. Om me verkeleg skal gjere godt arbeid, så er det nok slik at det vert meir enn åttetimarsdag både på læraren og eleven. Får vi løn for strevet? Ja, nokre gonger. Men eg trur både partar andre gonger endar opp med at løna ikkje svarar til strevet, eleven fekk ikkje den karakteren han ville ha, læraren fekk ikkje elevane med seg i læringsarbeidet slik han tenkte då han laga opplegget. Men om me har ei god skuleleiing kan ho hjelpa oss gjennom å leggje godt til rette for arbeidet og slik at me utviklar oss og får betre læringsresultat. Korleis skuleleiinga bør gå fram, det skriv Moos mykje om. Jaja, er dette noko elevane kjem til å lese? - undrar eg her eg sit og skriv. Me får sjå.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar