Forfattar: Magnhild Bruheim
Forlag: Det Norske Samlaget
Gitt ut år: 2008
Antal sider: 303
Nattskrik handlar om politibetjent Hans Velid og hans dotter Tuva som prøver å finne ut kven som drap Line Spangen. Noen få veker etter drapet finn dei ei drepen tysk jente i Hordaland. Hele handlinga startar med at Tuva kjører opp til ei bygd og besøker tunet Sota Sæter. Line Spangen var skodespelar på teateret som skulle ha premiere ganske snart. Far til Tuva, Hans Velid ble tilkalla for å vere med i etterforskinga av drapet. Dei finner to innrissa SN eller NS merker. Det viser seg at Line var med i ei gruppe som likte seg best om natta, kalla nattskrik. Tuva Velid er veldig nysgjerrig på kva Line hadde vore medlem av. Derfor får hun ordna eit møte med eit medlem av gruppa. Line visste ikkje kva hun hadde rota seg borti.
Eg skal ikkje røpe meir av sjølve handlinga. De får lese boka sjøl! Her oser det av gammalt hat og nag, av undertrykt raseri og det er og godt skjulte familieløyndomar. Boka er vel kan hende ikkje spesielt lett å lese. Skulle eg peike på noko negativt må det bli at det spaningstoppen kjem for langt ut i boka, men avslutninga er bra. Men alt i alt er det ei spanande bok som eg gjerne anbefaler til andre å lese. Magnhild Bruheim har skrive fleire krimbøker. Ho er født i 1951, og er forfattar og frilansjournalist. Nattskrik er hennar sjette kriminalroman. Ho har tidlegare gitt ut Varselet, Maskerade, Utan Englevakt, Svart Arv og Dragsug. Alle desse bøkene er kritikarroste bøker.
Eg hugsar at eg sjølv las eit kapittel i denne boka, og eg hugsar at eg ikkje blei særleg imponert av ho. Men da du skriv som du skriv, så får eg likevel lyst til å lese boka. Men eg har ein kjensel av at ho er litt langdryg, kan det stemme?
SvarSlett