onsdag 19. januar 2011

Englejakt

Ingelin Røssland: ”Englejakt” (Norhaven A/S, Viborg, 166 sider)

Englejakt blei gitt ut i 2009, og er skrive av den norske forfattaren og journalisten Ingelin Røssland. Englejakt er den tredje boka i ein serie med tre bøker om Engel Winge. Fyrste boka heiter Englefjes, og blei gitt ut i 2008. Siste boka heiter Engleslakt, og blei gitt ut i 2010.

Englejakt handlar om ei ung jente på 17 år, som heiter Engel Winge. Ho bur saman med mormora si. Mora hennar er død, og faren hennar jobbar i utlandet. Faren snakkar med henne gjennom netverket nokre få gonger, men det er lite kontakt mellom dei. Engel er journalist og jobbar som sommarvikar for lokalavisa, Tylnes. Ho er ei jente som er tøff i kjeften og er ikkje redd for å seie kva ho meiner. Ho har får i oppdrag om å ta med seg ei dame, som påstår ho er synsk, tel Marøya. Der det går rykta om at det spøkjer. Med tida når ho kjem djupare ned i saka, finn ho fort ut at det ligg meir bak enn berre rykta på Marøya…

Eg meiner Englejakt var ein spennande bok å lese. Det var ein spenningskurv med fleira toppar. Samtidig følte eg at ein rota seg bort. Det blei for mykje å tek tak i rett og slett. Eg datt litt ut av sjølve hovudhandlinga. Språket i boka er svært ungdommeleg og ganske så grov. Forfattaren skildrar Engel som ei modig jenta, som kan gi faen. Språket hennar fortel oss mykje om korleis type ho er. Ho er frekk i kjeften og brukar ein del stygge ord. Likar du bøker med røff språk og mykje spenning, vil eg råde deg å lesa denne boka!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar