onsdag 19. januar 2011

Nød av Are Kalvø


Nød


«Då eg var femten, stal eg pengar frå svoltne ungar i Etiopia». Slik byrjar boka Nød, boka er ein underhaldande roman, med ulike poeng i seg. Boka omhandlar ein person som, saman med sin beste venn, blei inspirert av den store støttekonserten Live Aid i 1985. Me følgjer denne hovudpersonen etter at han er blitt vaksen. Han tenkjer tilbake på konserten som dei arrangerte på folkets hus heime i barndomsbygda, og korleis dei brukte pengane på seg sjølve i staden for å sende dei til ein organisasjon eller liknande. Seinare i livet vinner hovudpersonen i lotto, han blir millionær. Då bestemmer han seg for å betale tilbake det han har regna seg fram til at han skuldar, pluss litt ekstra. Han startar organisasjonen «millionærar for afrika» og tar med seg nokon millionærar på oppdagingsferd til Etiopia.


Boka har faktisk fått laga ei eiga nettside, http://www.lottomillionaerarforafrika.no/lotto/ som er for menneskjer som har vunne mykje pengar og vil gje noko av det til veldedige formål. Meir info om det finn du om du følgjer lenka.


Boka «Nød» er skriven av Are Kalvø. Kalvø er forfattar og humorist. Han har sjøl skreve ei kort oppsummering av boka. http://www.arekalvo.no/indeks.asp?id=420

2 kommentarer: