onsdag 19. januar 2011

Skammarens dotter

Forfattar: Lene Kaaberbøl
Forlag: Samlaget
Utgivningsår: 2000 (til norsk; 2003)

Skammarens dotter er den første av dei fire bøkene i skammarserien. Skammarserien består av:
Skammarens dotter (nr. 1)
Skammarteiknet (nr. 2)
Slangens gåve (nr. 3)
Skammarkrigen (nr. 4)

Skammarens dotter er ei meget spennande bok som handlar om ei lita jente med namn Dina. Ho er dotter av Skammaren. Skammaren, mor til Dina, er ei dame som kan sjå kva folk har gjort for noko gale ved å sjå dei inn i auga. Denne gåva har Dina arva frå mor si. I byrjinga lika ho ikkje denne gåva, fordi det førte til at ingen ville sjå ho i augene, ikkje venane hennar eingong, noko som gjorde ho einsam. Det er ikkje berre auga som setter skrekk i folk, men gåva Dina fekk frå mor si innebar også at ho har ei røyst som får dei fleste til å seie sanninga. Dei einaste som kunne sjå ho i auga var bror hennar, Davin, og veslesøstera, Melli.

I den første boka møter Dina, som sjølv ikkje er van med å bruke skammarauga og skammerstemma, mange utfordringar som gjer ho glad for at ho har arva denne gåva likevel. Skammaren, mor til Dina, blei innkalla til den vonde fyrsten av Dunark, han heiter Drakan. Mor til Dina hadde lova at ho ikkje skulle bli for lenge borte og at ho snart ville kome heim at, men slik blei det ikkje.

Skammarens dotter er ei fantastisk god bok som eg rådar deg på det sterkaste å lese. Eg likar ikkje særleg godt å lese bøker sjølv, men denne boka greidde eg ikkje å legge vekk da eg først hadde sat meg ned for å lese. Eg gleder meg berre til eg blir ferdig med den neste boka, Skammarteiknet.

«Den eneste bog der er lige god som Harry Potter og Ringenes Herre», skriv ein dansk lesar i BogGuide om serien, sjølv om eg synast han tar litt hardt i.

Ei fabelaktig bok, rett og slett! Må berre lesast!

2 kommentarer:

  1. Eg hugsar vi leste denne boka på ungdoms-skulen, og no fekk eg lyst til å lese han igjen.

    Du skriv meget godt, og eg klarar ikkje å finne nogre skrivefeil.

    Bra skrevet!

    SvarSlett
  2. Eg likar heller ikkje å lese bøker så godt. Men kanskje hadde eg klart å komme meg gjennom denne boka. Du framstillar denne boka som spanande,så eg ble interessert i boka.

    SvarSlett