mandag 24. januar 2011


Eg har lese boka ”Men fjernkontrollen min får du aldri” av forfattaren Are Kalvø. Det er ei satirisk bok om korleis media påverka samfunnet i 2000, det året boka var gitt ut. Kalvø er kjent for å skrive artige bøker, og detter har han gjort nokk ein gang, ”men fjernkontrollen min får du aldri” fikk meg til å bryte ut i latter fleire gangar per kapittel.

Då eg satt på toget frå Larvik til Gardemoen, fant eg ut at eg skulle lese boka vi hadde fått i lekse å lese i ferien. Eg forberedte meg på fleire timar med kjedeleg nynorsk. Eg fikk et sjokk! Boka var overraskande nokk veldig morosam. Så eg brukte heile togturen på å forstyrre alle dei andre passasjerane på toget ved å bryte ut i latter.

Boka er delt opp i 3 hovudkapitlar: Nyheiar, Det forbrukarvennlige kapitlet, og Underladning. Det er også nokre mindre kapitlar på bare eit bar siar.

I kapitlet om nyheitar har Kalvø kom fram til nokre konklusjonar, for eksempel at nyheitsjournalistar ser pjuskete ut i motvind, at nyheitsjournalistar tenner på nakenbileder av rikmannshytter, dei likar å skremme folk, dei snakkar rart, og dei er dei viktigaste i heile verda.

Det forbrukarvennlige kapitlet handlar om i kor stor grad forbrukarjournalistikken har nytteverdi for folk som ikkje veit koles ein soler seg, ikkje veit korleis ein levar, Ikkje veit tør kjøpe pornobladar, treng eit heilt grunnleggande innføring i korleis systemet med pengar som byttemiddel virkar. Are Kalvø kaller gjerne disse personene barn. Med andre ord: Forbrukarjournalistikken har størst nytteverdi for barn som ikkje tør å kjøpe pornoblad.

I kapitlet om underhaldning tar Kalvø for seg forskjellane mellom ein såpeopera og situasjonskomedien.

Boken er krydra med diverse teikningar, illustreringar, grafar, og (falske) Sider frå Vg, og manus til mulige show. Alt dette til saman gir ein veldig artig bok, som eg rådar alle til å lese.

2 kommentarer:

  1. Eg likar det du prøvar å få fram hær!

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje lest boka sjølv, men den verkar som ei bra bok :)

    SvarSlett