
Inspirasjonen Sebold hadde til å skrive novella var frå då ho i ein alder av atten år sjølv blei valdteken på veg heim frå skulen. Ho rapporterte det til politiet og fann ut at ho hadde vore heldig – noko som er tittelen på ei anna bok ho har gitt ut – for bare nokre dagar tidligare var ei jente funne valdteken og partert like i nærleiken.
Sebold prøvde gjentatte gangar å skildre si historie gjennom skriftlege verk, før ho endeleg fekk det til 15 år seinare med Alle Mine Kjære. Den originale tittelen er The Lovely Bones, og boka er ein bestseljar som blei filmatisert i 2009 av Peter Jackson.
TRAILER
Sebold held seg ikkje tidfesta i boka. I den eine augneblinken ser Susie på familien sin mens dei sørgar, og i det neste er ho med mordaren anten før eller etter at han har drepe ho. Andre ting ho hoppar fram og tilbake mellom er forskjellige minner ho har om anten vener eller familien. Vi får vite ting om mora og faren som kanskje ikkje bryr oss når det kjem til saka, men det hjelper oss å skape ein heilskap i det, og sjå ting endå klarare frå augo hennar.

Boka høyrast spanande ut. Trur eg held meg til filmen, fordi eg les så tregt. BRA INNLEGG!
SvarSlettFlinke Susanne! Du skriv bra og får meg til å ville lese boka sjølv. Den virkar utruleg interessant, men samtidig spannande og grufull. Likar spesielt at du har lagt ved ein trailer :)
SvarSlett